top of page

Skulehund på Skodje barneskule

Aiko er skulehund. Han blir brukt både i vanleg undervisning og i spesialpedagogiske tiltak på Skodje barneskule, saman med Anne Vibeke Nesset.


(Artikkelen er lagt ut på Ålesund sitt intranett. Eg har skrive teksten, Anette Weibust Petersen har redigert og lagt den ut!)


Eg, Anne Vibeke Nesset, jobbar som lærar på Skodje barneskule. Dette skuleåret skal eg vere kontaktlærar på 3. trinn, og i tillegg har eg 20 % av stillinga mi med hund. Den 4 år gamle portugisiske vannhunden min Aiko, er sertifisert skulehund. Aiko er ein glad, trygg og tillitsfull hund. Han har vore med meg på skulen sidan våren 2019, både i klasserommet, i mindre grupper og i lag med einskilde elevar.

Ein skulehund skal vere sosialisert og miljøtrent, og han skal vere eigna til og trivast i jobben. Når ein skal bruke hund i skulen må ein ha kunnskap om hund og hunden sin naturlege åtferd. Ein må også ha kunnskap om god dyrevelferd og korleis ta vare på dyrevelferden. Det er ikkje alle hundar som eignar seg i denne jobben.


Ein skulehund kan nyttast både i vanleg undervisning og i spesialpedagogiske tiltak. Han kan brukast som miljøskapar i klasserommet, og han kan brukast inn mot grupper av elevar eller einskilde elevar. Nokre elevar treng, av ulike grunnar, eit lite avbrekk frå ein vanleg skuletime eller skuledag!


Det skjer noko når menneske er i lag med dyr. Så snart hunden er der, er det akkurat som eleven går inn i eit anna modus. Det å vere saman med dyr har som oftast effekt på oss menneske. Forsking viser at kontakt med dyr kan styrke sjølvfølelsen og redusere stress. Pelskos gir lågare stressnivå! Det gir ein beroligande effekt, hjartet slår saktare, pulsen synker og det blir lykkehormonet dopamin blir frigjort. Når ein er under press blir det produsert meir stresshormon/kortisol i kroppen. Når ein er i lag med hunden, blir det produsert mindre kortisol. Og det er lettare for eleven å vere innafor toleranseviduet sitt.

Skulehunden kan gjennom aktivitetar, tur og triks i lag med elevane vere med å skape relasjonar, motivasjon og meistring. Hunden kan til dømes hjelpe urolege barn eller barn med angst til å bli rolegare og tryggare, og difor også meir mottakelege for læring. Dette vil igjen kunne auke både motivasjonen og meistringstrua. I tillegg vil elevane få øving i andre ferdigheiter, som til dømes å ta imot beskjedar, vente på tur, samarbeid m.m.


Elevane på Skodje barneskule trivst med å få vere i lag med Aiko, og vi er stolte over at vi har vår eigen skulehund! Ei økt med Aiko gir mykje glede. Nokre gongar kan det vere viktig berre å få vere i lag; enten ein vil ha litt kos, er litt sliten eller kanskje litt lei seg. Når ein er i lag med ein hund blir ein ubetinga sett og elska!


Skulehunden kan også nyttast inn i dei ulike faga, til dømes i lese-, skrive- og rekneaktivitetar. Aiko kan gjennomføre ei lese- eller matteløype i lag med elevane, der eleven kan få ulike leseoppdrag eller reknestykke som skal løysast.

Det er berre fantasien som set grenser for kva ein kan gjere. I til dømes Danmark og USA har det i fleire år vore vanleg med lesehundar. Dette er hundar som hjelper barn med å bli betre lesarar. Elevane kan lese til Aiko. Elevane kan oppleve at lesinga blir kjekkare fordi han ikkje stiller krav om prestasjon. Lesehundar har også, etter kvart, blitt meir vanlege i Norge.


Allergi Aiko er ein portugisisk vannhund, ei hunderase som er røytefri. I Norges Astma- og Allergiforbund sin policy om pelsdyr skriv dei at dyreassistert tiltak på institusjon kan tillatast, dersom bruken er på avgrensa område. Forsking viser at dyreeigarar fraktar store mengder allergen gjennom kle og hår, og ein antar at hunden ikkje spreier ytterlegare allergen av større betydning. Spreiing av allergen frå hunden minskar også betrakteleg dersom hunden blir bada kvar veke.


Alle skal føle seg trygge Det å ha hund på skulen er sjølvsagt avklart med leiinga og dei andre tilsette ved skulen. Alle heimane har også fått informasjon, og dei har fått høve til å stille spørsmål. Det finst ikkje statlege lovar og reguleringar for å ta hund inn på institusjon, men det finst rettleiande retningslinjer. Når ein skal ha hund på skulen, er det viktig at det går føre seg på ein slik måte at både elevane, kollegiet og heimane føler seg trygge og er fortrulege med tiltaket. Det er difor svært viktig med god kommunikasjon mellom alle partar, og at ein har klare avtalar og gode rutine. Aiko skal heile tida vere i lag med meg, enten på hunderommet eller på eit fast areal. Når eg er opptatt med andre oppgåver, har han sitt eige rom eller bur der han kan få kvile seg.



Eg håper at eg får høve til å bruke Aiko vidare i skulen, og at vi kan få fleire firbeinte kollegaer i Ålesundsskulen. Det hadde vore veldig kjekt å få fleire med på laget! Skulehunden er, etter mi meining, eit viktig supplement til andre gode verktøy vi brukar i skulen.


Utdanning

Anne Vibeke Nesset: Dyreassisterte intervensjonar (15 stp) gjennom Dyrebar omsorg og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås.

Aiko: Sertifisert skulehund. Har vore gjennom ei eignaheitsvurdering og ei praktisk prøve, og blei godkjent som skulehund våren 2021.



Meir informasjon Les om besøkshundkurs (Dyrebar omsorg)

Ta gjerne kontakt:


bottom of page